Vedtekt for Nord-Trøndelag historielag
Fastsett på årsmøte 16/11-1991, endra på årsmøte 21/11-1998, 7/11-2007 og 16/11-2019.

1. Føremål

Nord-Trøndelag historielag har til føremål å vekke interessa for og fremje kunnskapen om den lokale historia og kulturarven.

2. Oppgåver

Nord-Trøndelag historielag skal samle dei lokale historielaga i området og verke som eit bindeledd mellom dei.

Laget gir ut ei årbok.

Laget skal halde nær kontakt med styresmaktene for kultur, kulturminne og kulturvern i fylket og peike på oppgåver som det er naturleg at staten og fylkeskommunen tar seg av eller som ein kan samarbeide om. Laget samarbeider også med andre kulturvernlag i fylket.

Laget tar elles opp oppgåver on nytter arbeidsmåtar som styret til kvar tid finn naturlege.

3. Medlemskap

Lokale historielag i området kan vera medlemmer i Nord-Trøndelag historielag.

Enkeltpersonar vert støttemedlem ved å tinga og betala årboka.

Støttemedlemmer har ikkje andre medlemsrettar.

4. Årspengar

Årspengane for medlemslaga vert fastsette av årsmøtet. For medlemslag med over 300 medlemmer kan årspengane setjast ein halvdel større enn for mindre lag.

5. Utsendingar

Medlemslaga har 3 utsendingar kvar på årsmøte. Medlemslag med over 300 medlemmer har 5 utsendingar kvar.

6. Årsmøte

Årsmøtet blir halde ein gong for året før 30. april. Det skal innkallast med minst 3 vekers varsel.

Årsmøtet skal:

a  –  behandle årsmelding frå styret
b  –  behandle rekneskapen
c  –  fastsetja årspengane
d  –  vedta budsjett og arbeidsplan for komande år
e  –  velja leiar for eitt år
f   –  velja styremedlemmer – kvart år veljast til vanleg 2 medlemmer, slik at det vert 4 styremedlemmer
g  –  velja 3 varamedlemmer til styret for eitt år
h  –  velja revisor for eitt år
i   –  velja valnemnd – kvart år veljast til vanleg 1 medlem for tre år og leiar for eitt år,
slik at nemnda har tre medlemmer

Saker som medlemslaga vil ha fram på årsmøtet, må leggjast fram for styret seinast to månader før årsmøtet.

7. Styret

Styret leier laget mellom årsmøta og må

a  –   velja nestleiar og sekretær,
b  –   tilsetja kasserar,
c  –   tilsetje redaktør for årboka,
d  –  ta seg av løpende saker,
e  –  førebu årsmøte.

Styret er vedtaksført når leiaren eller nestleiaren og to andre styremedlemmer eller varamedlemmer er til stades.

8. Omframt årsmøte

Omframt årsmøte skal haldast når eit fleirtal i styret eller av medlemslaga ønskjer det.

9. Vedtektsendring

Denne vedtekta kan endrast på årsmøte. Det krevst 2/3 fleirtal. Styret må ha endringsframlegg seinast to månader før møtet.

Styret sender si innstilling til laga seinast 3 veker før årsmøtet.